Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Nye Testamentet > Paulus fyrste brev til korintarane

Paulus’ fyrste brev til korintarane

1. kapitlet

1 Paulus, ved Guds vilje kalla til Kristi Jesu apostel, og broderen Sostenes

2 til Guds kyrkjelyd som er i Korint, deim som er helga i Kristus Jesus, som er kalla, heilage, med alle deim som på kvar stad påkallar vår Herre Jesu Kristi namn, både deira og vår.

3 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus!

4 Eg takkar alltid min Gud for dykk, for den Guds nåde som er dykk gjeven i Kristus Jesus,

5 at de i honom er gjorde rike i alt, på all læra og i all kunnskap,

6 liksom Kristi vitnemål er stadfest hjå dykk,

7 so at det ikkje vantar dykk på nokor nådegåva, medan de ventar på vår Herre Jesu Kristi openberring,

8 han som og skal stadfesta dykk til enden, so de må vera ulastande på vår Herre Jesu Kristi dag.

9 Gud er trufast, han som de vart kalla ved til samfund med hans Son Jesus Kristus, vår Herre.

10 Men eg legg dykk på hjarta, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de alle må vera samtykte i dykkar tale, og at de ikkje må vera usamtykkje millom dykk, men at de må vera fullt sameina i same hugen og i same tanken.

11 For av huslyden hennar Kloe er det fortalt meg um dykk, mine brør, at det er kivsmål millom dykk.

12 Det er dette eg meiner, at kvar av dykk segjer: «Eg held meg til Paulus,» «eg til Apollos,» «eg til Kefas,» «eg til Kristus.»

13 Er Kristus sundskift? Er Paulus krossfest for dykk? Eller er det døypte til Paulus’ namn?

14 Eg takkar Gud, at eg ikkje hev døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius,

15 so ikkje nokon skal segja, at de vart døypte til mitt namn.

16 Men det er sant, eg døypte og Stefanas’ hus. Elles veit eg ikkje, at eg hev døypt nokon annan.

17 For Kristus sende meg ikkje ut til å døypa, men til å forkynna evangeliet, ikkje med vise ord, so Kristi kross ikkje skulde missa si kraft.

18 For ordet um krossen er vel dårskap for deim som vert fortapte, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.

19 For det stend skrive: «Eg vil tyna visdomen hjå dei vise og spilla vitet hjå dei vituge.»

20 Kvar er ein vismann? Kvar er ein skriftlærd? Kvar er ein granskar av denne verdi? Hev ikkje Gud gjort visdomen i verdi til dårskap?

21 For då verdi ved sin visdom ikkje kjende Gud i Guds visdom, so fann Gud for godt ved forkynnings dårskap å frelsa deim som trur,

22 etter som både jødar krev teikn, og grækarar søkjer visdom,

23 men me forkynner Kristus krossfest, som er ei avstyggjing for jødar og ein dårskap for grækarar,

24 men for deim som er kalla, både jødar og grækarar, forkynner me Kristus, Guds kraft og Guds visdom.

25 For Guds dårskap er visare enn menneski, og Guds vanmagt er sterkare enn menneski.

26 Sjå då på dykkar kall, brør! at ikkje mange vise etter kjøtet vart kalla, ikkje mange megtige, ikkje mange høgætta;

27 men det som er dårlegt i verdi, det hev Gud valt seg ut, so han kunde gjera dei vise til skammar, og det som er veikt i verdi, det hev Gud valt seg ut, so han kunde gjera det sterke til skammar.

28 Og det som er lågt i verdi og vanvyrdt, det hev Gud valt seg ut, og det som er ingen ting, so han kunde gjera det til inkjes som er noko,

29 so ikkje noko kjøt skal rosa seg for Gud.

30 Men av honom er de i Kristus Jesus, som for oss hev vorte visdom frå Gud og rettferd og helging og utløysing,

31 so at, som det stend skrive, den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.

2. kapitlet

1 Og eg, då eg kom til dykk brør, kom eg ikkje med meisterskap i ord eller i visdom og forkynte dykk Guds vitnemål.

2 For eg vilde ikkje vita noko imillom dykk, utan Jesus Kristus og honom krossfest.

3 Og eg var hjå dykk med vanstyrke og med otte og med mykje hjartebiv.

4 Og mitt ord og mi forkynning var ikkje med visdoms yvertalande ord, men med framsyning av ande og kraft,

5 so trui dykkar ikkje skulde vera grunna på menneskje-visdom, men på Guds kraft.

6 Men me talar visdom hjå dei fullkomne, men ein visdom som ikkje høyrer denne verdi til eller herrarne i denne verdi, dei som forgjengst.

7 Men som ein løyndom talar me Guds visdom, den dulde, som Gud frå ævelege tider hev etla til vår herlegdom,

8 Den ingen av herrarne i denne verdi kjende; for hadde dei kjent honom, so hadde dei ikkje krossfest herlegdoms-herren;

9 men som skrive stend: «Det som auga ikkje såg og øyra ikkje høyrde, og som ikkje kom upp i menneskjehjarta, det som Gud etla dei som elskar honom.»

10 Men for oss hev Gud openberra det ved sin Ande; for Anden ransakar alle ting, jamvel dypterne i Gud.

11 For kva menneskje veit kva som bur i menneskjet, utan menneskjeåndi, som er i det? So veit heller ingen, utan Guds Ande, kva som bur i Gud.

12 Men me hev ikkje fenge den ande som høyrer verdi til, men den Ande som er av Gud, so me skal kjenna det som er oss gjeve av Gud,

13 det som me talar um, ikkje med ord som er lærde av menneskjeleg visdom, men med ord som er lærde av den heilage Ande, med di me tyder åndelege ting med åndelege ord.

14 Men eit naturleg menneskje tek ikkje mot det som høyrer Guds Ande til; for det er honom ein dårskap, og han kann ikkje kjenna det, for det vert dømt åndeleg.

15 Men den åndelege dømer alt, men sjølv vert han dømd av ingen.

16 For kven kjende Herrens hug, so han kunde læra honom? Men me hev Kristi hug.

3. kapitlet

1 Og eg, brør, kunde ikkje tala til dykk som til åndelege, men berre som til kjøtlege, som til nyfødingar i Kristus.

2 Eg gav dykk mjølk å drikka og ikkje fast føda; for de tolde det ikkje endå. Ja, de toler det ikkje enno,

3 for de er enno kjøtlege; for når det er ovund og trætta millom dykk, er de då ikkje kjøtlege og ferdast på menneskjevis?

4 For når ein segjer: «Eg held meg til Paulus,» og ein annan: «Eg til Apollos», er de ikkje då menneskje?

5 Kva er då Apollos, og kva er Paulus? Tenarar som de kom til trui ved, og det etter som Herren gav kvar for seg.

6 Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster.

7 So er no korkje den noko som planter, eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster.

8 Den som plantar, og den som vatnar, er eitt, men kvar skal få si eigi løn etter sitt eige arbeid.

9 For me er Guds medarbeidarar, de er Guds åkerland, Guds bygnad.

10 Etter den Guds nåde som er meg gjeven, hev eg lagt grunnvoll som ein vis byggmeister, men ein annan byggjer uppå; men kvar sjå til, korleis han byggjer uppå!

11 For annan grunnvoll kann ingen leggja enn den som er lagd, det er Jesus Kristus.

12 Men um nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sylv, dyre steinar, tre, høy, strå,

13 då skal kvar manns verk verta synbert; for dagen skal syna det, for han vert openberra med eld; og korleis kvar manns verk er, det skal elden prøva.

14 Um nokon manns verk som han bygde, stend seg, so skal han få løn;

15 um nokon manns verk brenn upp, so skal han missa henne; sjølv skal han då verta frelst, men so som gjenom eld.

16 Veit de ikkje at de er Guds tempel, og Guds Ande bur i dykk?

17 Tyner nokon Guds tempel, honom skal Gud tyna; for heilagt er Guds tempeler, og det er de.

18 Ingen dåre seg sjølv! Um nokon millom dykk tykkjest vera vis i denne verdi, lat honom verta ei dåre, so han kann verta vis!

19 For visdomen som høyrer denne verdi til, er dårskap for Gud. For det stend skrive: «Han fangar dei vise i deira sløgd,»

20 og atter: «Herren kjenner tankarne hjå dei vise, at dei er fåfengde.»

21 Difor skal ingen rosa seg av menneskje; for alt høyrer dykk til,

22 anten det er Paulus eller Apollos eller Kefas, anten det er verdi eller liv eller daude, anten det er det som no er, eller det som koma skal: alt høyrer dykk til;

23 men de høyrer Kristus til, og Kristus høyrer Gud til.

4. kapitlet

1 Soleis halde folk oss for Kristi tenarar og hushaldarar yver Guds løyndomar!

2 Elles vert det kravt av hushaldarar, at dei må verta funne true.

3 Men for meg hev det lite på seg å verta dømd for dykk eller av ein menneskjeleg domstol; ja, eg dømer ikkje meg sjølv di heller.

4 For vel veit eg ingen ting med meg sjølv, men med det er eg ikkje rettferdiggjord; men den som dømer meg, er Herren.

5 Døm difor ikkje nokon fyre tidi, fyrr Herren kjem, han som og skal føra fram i ljoset det som er dult i myrkret, og openberra råderne i hjarto; og då skal kvar og ein få si ros av Gud.

6 Dette, brør, hev eg yverført på meg sjølv og Apollos for dykkar skuld, so de må læra av oss at ein ikkje skal ganga lenger enn det som skrive stend, so ingen av dykk skal blåsa seg upp for den eine i mot den andre.

7 For kven gjev vel deg fyremun? Og kva hev du, som du ikkje hev fenge? Men um du no og hev fenge noko, kvi rosar du deg då, som um du ikkje hadde fenge det?

8 De hev alt vorte mette, de hev alt vorte rike, utan oss hev de vorte herrar; ja, gjev de hadde vorte herrar, so me og kunde vera herrar saman med dykk!

9 For eg tykkjer at Gud hev synt oss apostlar fram som dei ringaste, som dømde til dauden; for me hev vorte til ei bisn for verdi, både for englar og for menneskje.

10 Me er dårar for Kristi skuld, men de er kloke i Kristus; me er veike, men de er sterke; de er heidra, men me ærelause.

11 Til denne stund er me både hungrige og tyrste og nakne og slegne og heimlause,

12 og mødde, med di me arbeider med våre eigne hender; me vert utskjelte, og me velsignar; me vert forfylgde, og me tek det med tol;

13 me vert spotta, og me påminner; me hev vorte som avrak i verdi, utskot for alle til denne stund.

14 Eg skriv ikkje dette til vanæra for dykk, men av di de er mine kjære born, påminner eg dykk.

15 For um de hev ti tusund læremeistrar i Kristus, so hev de då ikkje mange feder; for i Kristus Jesus hev eg avla dykk ved evangeliet.

16 Eg legg dykk difor på hjarta: Vert mine etterfylgjarar!

17 Difor sende eg dykk Timoteus, som er min kjære og trufaste son i Herren, at han skulde minna dykk um mine vegar i Kristus, soleis som eg lærer alle stader hjå kvar kyrkjelyd.

18 Men sume hev blåse seg upp i von um, at eg ikkje skulde koma til dykk.

19 Men eg kjem til dykk snart, um Herren vil, og fær då læra å kjenna ikkje ordi, men krafti hjå dei uppblåsne.

20 For Guds rike stend ikkje i ord, men kraft.

21 Kva vil de? Skal eg koma til dykk med ris eller med kjærleik og ei smålåti ånd?

5. kapitlet

1 Der gjeng allfares ord um hor hjå dykk, og det slikt hor, som ikkje ein gong vert nemnt hjå heidningarne, at ein held seg med kona åt far sin.

2 Og de blæs dykk upp, endå de langt heller skulde syrgja, so den som hev gjort denne gjerningi, kunde verta støytt ifrå dykk!

3 For eg, som vel er fråverande med likamen, men nærverande med åndi, eg hev alt dømt, som eg var nærverande, at den som hev gjort dette,

4 han skal i vår Herre Jesu Kristi namn, med di de og mi ånd kjem saman i vår Herre Jesu Kristi kraft,

5 verta yvergjeven til Satan til tyning av kjøtet, so åndi kann verta frelst på Herren Jesu dag.

6 Det er ikkje fagert det som de rosar dykk av. Veit de ikkje, at ein liten surdeig syrer heile deigen?

7 Reinsa difor ut den gamle surdeigen, so de kann vera ny deig, liksom de er usyrde; for ogso vårt påskelamb er slagta: Kristus.

8 Lat oss so halda helg, ikkje med gamall surdeig, ikkje med vondskap og argskaps surdeig, men med reinleiks og sannings usyrde brød!

9 Eg skriv til dykk i brevet, at de ikkje skulde hava umgjenge med horkarar,

10 og då meinte eg ikkje horkararne av denne verdi i det heile, eller giruge eller røvarar eller avgudsdyrkarar, for elles laut de ganga ut or verdi;

11 men eg skreiv til dykk at de ikkje skal hava umgjenge med nokon, som er kalla bror og er ein horkar eller girug eller avgudsdyrkar eller baktalar eller drikkar eller røvar, so de ikkje ein gong et i saman med honom.

12 For kva hev vel eg med å døma deim som er utanfor? Dømer ikkje de og berre dei som er innanfor?

13 men Gud skal døma deim som er utanfor. So støyt då ut den vonde frå dykk sjølve!

6. kapitlet

1 Vågar nokon av dykk, når han hev sak mot ein annan, å søkja dom hjå dei urettferdige og ikkje hjå dei heilage?

2 Eller veit de ikkje, at dei heilage skal døma verdi? Og dersom verdi vert dømd av dykk, er de då uverdige til å døma i dei minste saker?

3 Veit de ikkje, at me skal døma englar, og då vel mykje meir i timelege ting?

4 Når de då hev saker um timelege ting, so set de deim til domarar som er vanvyrde i kyrkjelyden!

5 Til skam for dykk segjer eg dette. So finst der då ingen vis mann hjå dykk, ikkje ein einaste som kann skilja trætta for bror sin?

6 Men bror fører sak mot bror, og det endå for vantruande domarar.

7 Det er no i det heile eit tap for dykk at de hev sak med kvarandre. Kvi lid de ikkje heller urett? Kvi toler de ikkje heller uskil?

8 Men de gjer urett og uskil, og det endå mot brør!

9 Eller veit de ikkje, at dei urettferdige ikkje skal erva Guds rike? Lat dykk ikkje dåra! Korkje lauslevande eller avgudsdyrkarar eller horkarar eller blautfengne eller slike som syndar mot naturi,

10 eller tjuvar eller giruge eller drikkarar eller baktalarar eller røvarar skal erva Guds rike.

11 Og slike var sume av dykk; men de er avtvegne, men de er helga, de er rettferdiggjorde ved Herren Jesu namn og i vår Guds Ande.

12 Alt hev eg lov til, men ikkje alt gagnar; alt hev eg lov til, men eg skal ikkje lata noko få vald yver meg.

13 Maten er for magen, og magen for maten; og Gud skal gjera ende både på den eine og den andre. Men likamen er ikkje for hor, men for Herren, og Herren for likamen.

14 Og Gud vekte upp Herren og skal og vekkja oss upp ved si kraft.

15 Veit de ikkje, at dykkar likamar er Kristi lemer? Skal eg då taka Kristi lemer og gjera deim til lemer åt ei skjøkja? Langt ifrå!

16 Eller veit de ikkje, at den som held seg til skjøkja, er ein likam med henne? For det er sagt: «Dei tvo skal vera eitt kjøt.»

17 Men den som held seg til Herren, er ein ande med honom.

18 Fly hor! All synd som eit menneskje kann gjera, er utanfor likamen; men den som gjer hor, syndar imot sin eigen likam.

19 Eller veit de ikkje, at likamen dykkar er eit tempel for den Heilage Ande som bur i dykk, han som de hev frå Gud, og at de ikkje er dykkar eigne?

20 For de er dyrt kjøpte. Æra då Gud i dykkar likam!

7. kapitlet

1 Men vedkomande det som de skreiv um, so er det godt for ein mann at han ikkje rører ei kvinna.

2 Men for hor skuld skal kvar mann hava si eigi kona, og kvar kvinna sin eigen mann!

3 Mannen skal gjera sin skyldnad mot kona, og like eins kona imot mannen!

4 Kona råder ikkje yver sin eigen likam, men mannen; like eins råder ikkje heller mannen yver sin eigen likam, men kona.

5 Haldt dykk ikkje frå einannan, utan etter samråd, til ei tid, so de kann liva berre for bøn, og kom so atter saman, so Satan ikkje skal freista dykk, av di de ikkje kann vera fråhaldande.

6 Men dette segjer eg som eit løyve, ikkje til påbod.

7 For eg vilde at alle menneskje var liksom eg; men kvar hev si eigi nådegåva av Gud, den eine so, den andre so.

8 Til dei ugifte og til enkjorne segjer eg: Det er godt for deim um dei vert verande som eg.

9 Men kann dei ikkje halda seg frå, so fær dei gifta seg, for det er betre å gifta seg enn å lida brune.

10 Men deim som er gifte, byd ikkje eg, men Herren, at kona ikkje må skiljast frå mannen -

11 men er ho skild frå honom, skal ho verta verande ugift eller semjast med mannen - og at ein mann ikkje må skilja seg frå kona si.

12 Til dei andre segjer eg, ikkje Herren: Um ein bror hev ei vantruande kona, og ho samtykkjer i å bu hjå honom, so skal han ikkje skilja seg frå henne;

13 og ei kona som hev ein vantruande mann, og han samtykkjer å bu hjå henne, ho skal ikkje skilja seg frå mannen!

14 For den vantruande mannen er helga ved kona, og den vantruande kona er helga ved broren; for elles var borni dykkar ureine, men no er dei heilage.

15 Men skil den vantruande seg ifrå, so lat honom skilja seg; for broren eller systeri er ikkje trælbundne i slike ting, men Gud hev kalla oss til fred.

16 For kva veit du, kona, um du kann frelsa mannen? Eller kva veit du, mann, um du kann frelsa kona?

17 Berre at kvar må ferdast so som Herren hev gjeva honom, som Gud hev kalla honom. Og soleis segjer eg fyre i alle kyrkjelydarne.

18 Er nokon kalla då han var nokon umskoren, so drage han ikkje fyrehud yver; er nokon kalla då han var u-umskoren, so late han seg ikkje umskjera!

19 Umskjering er ingen ting, og fyrehud er ingen ting, men det å halda Guds bod.

20 Kvar og ein verte verande i det kall som han er kalla i!

21 Er du kalla som træl, so syt ikkje for det! Men kann du og verta fri, so gjer heller bruk av det!

22 For den træl som er kalla i Herren, han er Herrens frigjevne; like eins og den frie som er kalla, han er Kristi træl.

23 De er dyrt kjøpte; vert ikkje trælar for menneskje!

24 I det stand som kvar er kalla i, brør, i det verte han verande hjå Gud!

25 Men um møyarne hev eg ikkje noko bod frå Herren, men eg segjer mi meining, sidan eg av Herren hev fenge miskunn til å vera truverdig.

26 Eg meiner då det, at det for den noverande naud skuld er godt for eit menneskje å vera soleis.

27 Er du bunden til ei kona, so søk ikkje skilsmål! Er du ubunden av ei kona, so søk ikkje ei kona!

28 Men um du og gifter deg, syndar du ikkje; og um ei møy gifter seg, syndar ho ikkje; men slike kjem til å få trengsla for kjøtet, men eg vilde gjerne spara dykk.

29 Men det segjer eg, brør: Tidi er stutt, so at dei som hev konor, skal heretter vera som dei som ikkje hev,

30 og dei gråtande som ikkje gråtande, og dei glade som ikkje glade, og dei kjøpande som ikkje eigande,

31 og dei som brukar denne verdi, som dei som ikkje brukar henne; for skapnaden åt denne verdi forgjengst.

32 Eg vil helst at de skal vera utan umsut. Den ugifte hev umsut for det som høyrer Herren til, korleis han kann vera Herren til hugnad.

33 Men den gifte hev umsut for det som høyrer verdi til, korleis han skal vera kona til hugnad.

34 Det er skilnad på kona og møy. Den ugifte kvinna hev umsut for det som høyrer Herren til, at ho kann vera heilag både på likam og ånd; men den gifte hev umsut for det som høyrer verdi til, korleis ho kann vera mannen til hugnad.

35 Dette segjer eg til dykkar eige gagn, ikkje til å setja ei snara for dykk, men til å fremja sømd og stødt vedhald for Herren.

36 Men um nokon trur at det er urett for hans ugifte dotter, når ho er utyver ungdomsalderen, og det må so vera, han gjere då som han vill, han syndar ikkje; lat deim gifta seg!

37 Men den som stend fast i hjarta og ikkje er nøydd, men hev vald yver sin eigen vilja og hev sett seg det fyre i sitt hjarta at han vil halda dotter si ugift, han gjer vel;

38 so at både den som gifter burt, gjer vel, og den som ikkje gifter burt, gjer betre.

39 Ei kona er bundi so lenge mannen hennar liver; men når mannen hennar er avsovna, er ho fri, so ho kann gifta seg med kven ho vil, berre det vert gjort i Herren.

40 Men sælare er ho, um ho vert verande som ho er, etter mi meining. Men eg trur og at eg hev Guds Ande.

8. kapitlet

1 Men vedkomande avgudsoffer, so veit me at me alle hev kunnskap. - Kunnskapen blæs upp, men kjærleiken byggjer upp.

2 Um nokon tykkjest kjenna noko, han hev aldri kjent noko soleis som ein skal kjenna det.

3 Men um nokon elskar Gud, so er han kjend av honom. -

4 Vedkomande eting av avgudsoffer, so veit me at ingen avgud i verdi er til, og at det finst ingen annan Gud enn ein.

5 For um det og er dei som vert kalla gudar anten i himmelen eller på jordi - som det er mange gudar og mange herrar -

6 so finst det då for oss berre ein Gud, Faderen, som alle ting er av, og me til honom, og ein Herre, Jesus Kristus, som alle ting er til ved, og me ved honom.

7 Men den kunnskap er ikkje hjå alle; men sume gjer seg endå samvit for avguden skuld og et det som avgudsoffer, og då samvitet deira er veikt, vert det ureint.

8 Men mat gjev oss ikkje verd for Gud; korkje vinn me noko um me et, eller taper noko um me ikkje et.

9 Men sjå til at ikkje denne fridomen dykkar vert til støyt for dei veike!

10 For um nokon ser deg som hev kunnskap sitja til bords i avgudshuset, vert då ikkje samvitet hjå honom som er veik, tilstyrkt til å eta avgudsoffer?

11 Og den veike bror, som Kristus døydde for, vert då fortapt for din kunnskap skuld!

12 Men når de soleis syndar imot brørne og sårar deira veike samvit, so syndar de mot Kristus.

13 Difor, dersom mat valdar støyt for bror min, so vil eg i all æva ikkje eta kjøt, so eg ikkje skal valda støyt for bror min.

9. kapitlet

1 Er eg ikkje fri? Er eg ikkje apostel? Hev eg ikkje set Jesus, vår Herre? Er ikkje de mitt verk i Herren?

2 Er eg ikkje apostel for andre, so er eg det då for dykk; for de er innsiglet på mitt apostel-embætte i Herren.

3 Dette er mitt forsvar mot deim som dømer meg.

4 Hev me ikkje rett til å eta og drikka?

5 Hev me ikkje rett til å føra med oss ei syster som kona liksom og dei andre apostlar og Herrens brør og Kefas?

6 Eller er det berre eg og Barnabas som ikkje hev rett til å sleppa å arbeida?

7 Kven gjer vel nokon gong hertenesta på eigen kostnad? Kven plantar ein vinhage og et ikkje av frukti hans? Eller kven føder ei hjord og et ikkje av mjølki frå hjordi?

8 Talar eg dette berre etter menneskjevis, eller segjer ikkje lovi og dette?

9 For i Mose lov stend det skrive: «Du skal ikkje setja muleband på ein ukse når han treskjer.» Er det uksane Gud hev umsut for,

10 eller segjer han det berre for vår skuld? For det er for vår skuld det er skrive, at den som pløgjer, skal pløgja med von, og den som treskjer, skal gjera det med von um å få sin lut.

11 Hev me sått for dykk dei åndelege ting, er det då noko stort um me haustar dykkar timelege ting?

12 Hev andre rett yver dykk, skulde då ikkje me mykje meir hava det? Men me hev ikkje bruka denne retten, me toler alt, so me ikkje skal leggja noko hinder for Kristi evangelium.

13 Veit de ikkje, at dei som gjer tenesta med det heilage, fær føda av heilagdomen? dei som gjer tenesta ved altaret, fær lut med altaret?

14 Soleis hev og Herren skipa det so for deim som forkynner evangeliet, at dei skal liva av evangeliet.

15 Men eg hev ikkje gjort bruk av noko av dette. Eg skriv ikkje dette difor, at det skal verta so med meg; for det var betre for meg å døy, enn at nokon skulde gjera mi ros til inkjes.

16 For um eg forkynner evangeliet, so er det ikkje noko å rosa meg av, for det ligg naudsynt på meg; ja, usæl eg, um eg ikkje forkynner evangeliet!

17 For um eg gjer dette godviljugt, hev eg løn; men gjer eg det uviljugt, so er det då eit hushald som er meg yverlate.

18 Kva er då mi løn? At eg, når eg forkynner evangeliet, gjer det for inkje, so eg ikkje brukar min rett i evangeliet.

19 For endå eg er fri for alle, hev eg då gjort meg sjølv til tenar for alle, so eg kann vinna dei fleste.

20 Og eg hev vorte som ein jøde for jødarne, so eg kann vinna jødar; for deim under lovi, som eg var under lovi - endå eg ikkje er under lovi - so eg kann vinna deim som er under lovi;

21 for deim som er utan lov, som om eg var utan lov - endå eg ikkje er lovlaus for Gud, men lovbunden for Kristus - so eg kann vinna dei som er utan lov.

22 For dei veike hev eg vorte veik, so eg kann vinna dei veike; for dei alle hev eg vorte alt, for at eg i alle høve skal kunna frelsa nokre.

23 Men alt gjer eg for evangeliet skuld, for at eg skal få lut i det.

24 Veit de ikkje, at dei som kapprenner på skeidvollen, dei renner vel alle, men ein tek sigersprisen? Renn då soleis, so de kann få honom!

25 Kvar den som er med i tevling, er fråhaldande i alt, hine so dei kann få ein forgjengeleg krans, men me ein uforgjengeleg.

26 So renner eg då soleis, ikkje som på det uvisse; eg fiktar ikkje som den som slær ut i veret.

27 Men eg tvingar min likam og trælkar honom, so ikkje eg som preikar for andre, skal sjølv verta funnen uverdig.

10. kapitlet

1 Men eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um at federne våre var alle under skyi og gjekk alle gjenom havet

2 og vart alle døypte til Moses i skyi og havet,

3 og dei åt alle den same åndelege maten

4 og drakk alle den same åndelege drykken; for dei drakk av det åndelege berget som fylgde deim; og berget var Kristus.

5 Men like vel hadde Gud ikkje hugnad i dei fleste av deim; for dei vart nedslegne i øydemarki.

6 Men desse ting hev vorte fyredøme for oss, so ikkje me skal trå etter det vonde liksom dei trådde.

7 Vert ikkje heller avgudsdyrkarar liksom nokre av deim! som skrive stend: «Folket sette seg ned til å eta og drikka og stod upp til å leika.»

8 Lat oss ikkje heller driva hor, liksom nokre av deim dreiv hor og fall på ein dag tri og tjuge tusund!

9 Lat oss ikkje heller freista Kristus, liksom nokre av deim freista honom og vart tynte av hoggormar!

10 Murra ikkje heller, liksom nokre av deim murra og vart tynte av tynaren!

11 Men dette hende deim som fyredøme, men det er skrive til påminning for oss som dei siste tider er komne til.

12 Difor, den som tykkjer han stend, han sjå til at han ikkje fell!

13 Dykk hev ingi freisting råka som menneskje ikkje kann bera; men Gud er trufast, som ikkje skal lata dykk verta freista utyver det de toler, men skal gjera både freistingi og utgangen slik at de kann halda det ut.

14 Difor, mine kjære, fly frå avgudsdyrkingi!

15 Eg talar som til skynsame folk. Døm sjølv um det eg segjer!

16 Velsigningskalken som me velsignar, er han ikkje samfund med Kristi blod? Brødet som me bryt, er det ikkje samfund med Kristi likam?

17 Av di der er eitt brød, er me ein likam, endå me er mange; for me er alle samhavande i det eine brødet.

18 Sjå til Israel etter kjøtet! Hev ikkje dei som et offeri, samfund med altaret?

19 Kva meiner eg so? At avgudsoffer til? eller at ein avgud er til?

20 Nei, men at det dei ofrar, det ofrar dei til vonde ånder og ikkje til Gud; men eg vil ikkje at de skal koma i samfund med dei vonde ånder.

21 De kann ikkje drikka kalken til Herren og kalken til vonde ånder; de kann ikkje hava bordsamlag med Herren og bordsamlag med vonde ånder.

22 Eller torer me eggja Herren til harm? Me er då vel ikkje sterkare enn han?

23 Alt hev eg lov til, men ikkje alt gagnar. Alt hev eg lov til, men ikkje alt uppbyggjer.

24 Ingen søkje bate for seg sjølv, men det som batar den andre!

25 Et alt som vert selt i slagtarbudi, og spør ikkje meir um det for samvitet skuld!

26 For jordi og alt det som fyller henne, høyrer Herren til.

27 Og um nokon av dei vantruande bed dykk til gjest, og de vil ganga dit, so et alt som vert framsett for dykk, og spør ikkje meir um det for samvitet skuld!

28 Men um nokon segjer til dykk: «Dette er avgudsoffer,» so et ikkje, for hans skuld som fortalde det, og for samvitet skuld.

29 Samvitet, segjer eg, ikkje eins eige, men samvitet hjå den andre. For kvi skal min fridom dømast av annan manns samvit?

30 Um eg et med takk, kvi skal eg då verta spotta for det som eg takkar for?

31 Anten de so et eller drikk, eller kva de gjer, so gjer alt til Guds æra!

32 Ver ikkje til meinstøyt korkje for jødar eller grækarar eller for Guds kyrkja,

33 liksom eg og i alt strævar å tekkjast alle, då eg ikkje søkjer det som er gagnlegt for meg sjølv, men for dei mange, at dei må verta frelste.

11. kapitlet

1 Vert mine etterfylgjarar, liksom eg fylgjer etter Kristus!

2 Eg rosar dykk, brør, at de minnest meg i alle ting, og at de held fast på mine fyreskrifter, so som eg gav dykk deim.

3 Men eg vil de skal vita, at hovudet for kvar mann er Kristus, og hovudet for kvinna er mannen, og hovudet for Kristus er Gud.

4 Kvar mann som bed eller talar profetord og då hev noko på hovudet, han vanærar hovudet sitt.

5 Men kvar kvinna som bed eller talar profetord utan hovudbunad, ho vanærar hovudet sitt; for det er eitt og det same som ho var raka.

6 For dersom ei kvinna ikkje brukar hovudbunad, so lat henne og klyppa av seg håret; men er det usømelegt for ei kvinna å klyppa eller raka av seg håret, so lat henne bruka hovudbunad!

7 For ein mann skal ikkje hava noko på hovudet, då han er Guds bilæte og æra; men kvinna er mannsens æra.

8 For mannen er ikkje av kvinna, men kvinna av mannen.

9 For mannen vart ikkje heller skapt for kvinna skuld, men kvinna for mannen skuld.

10 Difor skal kvinna hava lydskyldnads-merke på hovudet for englarne skuld.

11 Men i Herren er korkje kvinna noko framfor mannen eller mannen noko framfor kvinna.

12 For liksom kvinna er av mannen, so er og mannen ved kvinna; og alt er av Gud.

13 Døm hjå dykk sjølve! Er det sømelegt at ei kvinna bed til Gud utan hovudbunad?

14 Lærer ikkje sjølve naturi dykk, at um ein mann let håret veksa langt, er det honom til vanæra,

15 men um ei kvinna let håret veksa langt, er det henne til æra? for det lange håret er gjeve henne til sveip.

16 Men dersom nokon vil vera trættekjær, so hev ikkje me den sedvane, og ikkje Guds kyrkjelydar heller.

17 Men når eg fyreskriv dette, rosar eg ikkje at de kjem saman, ikkje til det betre, men til det verre.

18 For fyrst so høyrer eg, at når de kjem saman i kyrkjelyden, so er der usamnad hjå dykk, og eg trur det for ein deil.

19 For det lyt vera serflokkar hjå dykk, so dei velrøynde kann verta openberre millom dykk.

20 Når de so kjem saman, vert det ikkje Herrens nattverd det et.

21 For når de et, so tek kvar fyrst sin eigen mat, og den eine hungrar, men den andre fyller seg.

22 Hev de ikkje hus til å eta og drikka i? Eller vanvyrder de Guds kyrkja og vanærar deim som ingen ting hev? Kva skal eg segja dykk? Skal eg rosa dykk? I dette rosar eg dykk ikkje.

23 For eg hev fenge frå Herren det som eg og hev yvergjeve dykk, at Herren Jesus, den natti han vart sviken, tok han eit brød,

24 og takka og braut det og sagde: «Dette er min likam som er for dykk. Gjer dette til minne um meg!»

25 Like eins tok han og kalken etter kveldverden og sagde: «Denne kalk er den nye pakt i mitt blod. So ofte som de drikk av han, so gjer dette til minne um meg!»

26 For so ofte som de et dette brødet og drikk denne kalken, so forkynner de Herrens daude, til dess han kjem.

27 Difor, den som et brødet og drikk Herrens kalk uverdigt, han vert skuldig i Herrens likam og blod.

28 Men kvart menneskje prøve seg sjølv, og so ete han av brødet og drikke av kalken!

29 For den som et og drikk, han et og drikk seg sjølv til dom, når han ikkje gjer skil på Herrens likam.

30 Difor er det mange veike og sjuke hjå dykk, og mange sovnar av.

31 Men dersom me dømde oss sjølve, vart me ikkje dømde.

32 Men når me vert dømde, vert me refste av Herren, so me ikkje skal verta fordømde saman med verdi.

33 Difor, mine brør, når de kjem saman til å eta, so skift med kvarandre!

34 Men dersom nokon hungrar, so ete han heime, so de ikkje skal koma saman til dom. Det andre skal eg fyreskriva når eg kjem.

12. kapitlet

1 Men um dei åndelege gåvor vil eg ikkje at de skal vera uvitande, brør!

2 De veit at då de var heidningar, let de dykk draga til dei mållause avgudarne, etter som de vart dregne.

3 Difor kunngjer eg dykk, at ingen som talar i Guds Ande, segjer: «Forbanna er Jesus,» og ingen kann segja: «Jesus er Herre,» utan i den Heilage Ande.

4 Det er skil på nådegåvor, men Anden er den same.

5 Og det er skil på tenestor, men Herren er den same.

6 Og det er skil på kraftige verknader, men Gud er den same, som verkar alt i alle.

7 Men openberringi av Anden fær kvar og ein til det som er gagnlegt.

8 For ein fær visdoms tale ved Anden, men ein annan kunnskaps tale ved den same Ande;

9 ein annan tru ved den same Ande, ein annan nådegåvor til å lækja ved den same Ande;

10 ein annan kraft til å gjera under, ein annan profetgåva, ein annan gåva til å prøva ånder, ein annan ymse tungor, ein annan tyding av tungor.

11 Men alt dette verkar ein og den same Ande, som skifter ut til kvar for seg, etter som han vil.

12 For liksom likamen er ein og hev mange lemer, men alle lemerne på likamen er ein likam, endå dei er mange, soleis er det og med Kristus.

13 For i ein Ande er me alle døypte til å vera ein likam - anten me er jødar eller grækarar eller trælar eller frie - og alle hev me fenge drikka ein Ande.

14 For likamen er ikkje heller ein lem, men mange.

15 Um foten vilde segja: «Då eg ikkje er hand, so høyrer eg ikkje med til likamen,» so høyrer han då like fullt med til likamen.

16 Og um øyra vilde segja: «Då eg ikkje er auga, so høyrer eg ikkje med til likamen,» so høyrer det då like fullt med til likamen.

17 Dersom heile likamen var auga, kvar vart det då av høyrsla? Dersom det heile var høyrsla, kvar vart det då av lukti?

18 Men no hev Gud sett lemerne, kvar ein av dei på likamen, so som han vilde.

19 Men dersom dei alle var ein lem, kvar vart det då av likamen?

20 Men no er det mange lemer, men ein likam.

21 Auga kann ikkje segja til handi: «Eg treng ikkje til deg,» eller hovudet til føterne: «Eg treng ikkje til dykk.»

22 Men tvert imot: dei lemerne på likamen som synest vera veikast, dei er naudsynlege.

23 Og dei lemerne på likamen som syntest oss mindre æra verde, deim klæder me med større æra; og dei lemerne våre som me blygjest ved, deim klæder me med større blygd.

24 Men dei lemerne våre som er oss til sømd, dei treng ikkje til det. Men Gud hev sett likamen soleis saman, at han gav det ringaste størst æra,

25 so det ikkje skal vera tvidrag i likamen, men at lemerne skal hava same umsut for kvarandre.

26 Og um ein lem lid, so lid alle lemerne med, eller um ein lem vert heidra, so gled alle lemerne seg med.

27 Men de er Kristi likam og lemer, kvar etter sin lut.

28 Og Gud sette i kyrkja fyrst nokre til apostlar, for det andre profetar, for det tridje lærarar, so kraftige verk, so nådegåvor til å lækja, til å hjelpa, til å styra, so ymse tungor.

29 Er vel alle apostlar? Er alle profetar? Er alle lærarar? Gjer alle kraftige verk?

30 Hev alle nådegåvor til lækja? Kann alle tala med tungor? Kann alle tyda deim?

31 Men streva etter dei største nådegåvor! Og eg skal visa dykk ein endå betre veg.

13. kapitlet

1 Um eg talar med menneskjetungor og engletungor, men hev ikkje kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølla.

2 Og um eg hev profetgåva og kjenner alle løyndomar og all kunnskap, og um eg hev all tru, so at eg kann flytja fjell, men hev ikkje kjærleik, då er eg ingen ting.

3 Og um eg gjev til føda for fatige alt det eg eig, og um eg gjev min likam til å verta brend, men hev ikkje kjærleik, då gagnar det meg ingen ting.

4 Kjærleiken er langmodig, er velviljug; kjærleiken ovundast ikkje; kjærleiken briskar seg ikkje, blæs seg ikkje upp;

5 han gjer inkje usømelegt, søkjer ikkje sitt eige, illskast ikkje, gøymer ikkje på det vonde;

6 han gled seg ikkje ved urettferd, men gled seg ved sanning.

7 Alt lid han, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.

8 Kjærleiken fell aldri burt; men anten det er profetgåvor, so skal dei få ende, eller tungor, so skal dei tagna, eller kunnskap, so skal han få ende.

9 For me skynar i stykkjevis og talar profetisk i stykkjevis;

10 men når det fullkomne kjem, då skal det som er i stykkjevis, få ende.

11 Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn; men då eg vart mann, lagde eg av det barnslege.

12 For no ser me i ein spegel, i ei gåta, men då skal me sjå åsyn til åsyn; no kjenner eg i stykkjevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg og fullt ut er kjend.

13 Men no vert dei verande desse tri: Tru, von, kjærleik, og størst av deim er kjærleiken.

14. kapitlet

1 Trå etter kjærleiken, stræva etter dei åndelege gåvor, men mest etter å tala profetisk!

2 For den som talar med tunga, talar ikkje for menneskje, men for Gud; for ingen skynar det, men han talar løyndomar i Anden.

3 Men den som talar profetisk, han talar for menneskje til uppbyggjing og påminning og trøyst.

4 Den som talar med tunga, uppbyggjer seg sjølv; men den som talar profetisk, uppbyggjer kyrkjelyden.

5 Endå vilde eg at de alle kunde tala med tungor, men heller at de kunde tala profetisk; for den som talar profetisk, er større enn den som talar med tungor, utan so er at han uttyder det, so kyrkjelyden kann få uppbyggjing av det.

6 Og no, brør, um eg kjem til dykk og talar med tungor, kva kann eg då gagna dykk, um eg ikkje talar til dykk anten med openberring eller med kunnskap anten med profetord eller med læra?

7 Dersom dei livlause ting som gjev ljod, anten det er ei fløyta eller ei harpa, ikkje gjer skilnad på tonar, korleis kann ein då skyna det som vert spela på fløyta eller på harpa?

8 Og um ein stridslur gjev uklår ljod, kven lagar seg då til strid?

9 Soleis og med dykk: um de med tunga ikkje talar tydelege ord, korleis kann ein då skyna det som vert tala? De talar då burt i veret.

10 So mange slag mål er der no visst i verdi, og ikkje noko av deim er utan meining.

11 Um eg då ikkje kjenner meiningi i målet, vert eg ein framand for den talande, og den talande ein framand for meg.

12 Soleis og med dykk: når de strevar etter dei åndelege gåvor, so søk å få deim i rikt mål til uppbyggjing for kyrkjelyden.

13 Difor skal den som talar med tunga, beda um at han må kunna tyda det!

14 For um eg bed med tunga, so bed mi ånd; men mitt vit er utan frukt.

15 Korleis er det då? Eg vil beda med åndi, men eg vil og beda med vitet; eg vil lovsyngja med åndi, men eg vil og lovsyngja med vitet.

16 For dersom du lovar Gud med åndi, kor kann då nokon millom dei ukunnige segja amen til di takkebøn? Han veit ikkje kva du segjer.

17 For du held vel ei fager takkebøn, men den andre vert ikkje uppbygd.

18 Eg takkar Gud: eg talar meir med tunga enn de alle;

19 men i ein kyrkjelyd vil eg heller tala fem ord med vitet mitt, so eg kann læra andre, enn ti tusund ord med tunga.

20 Brør, ver ikkje born i vit! ver derimot born i vondskap; men ver fullvaksne i vit!

21 Det stend skrive i lovi: «Ved folk som hev framand tunga, og ved framande lippor vil eg tala til dette folket, og endå skal dei ikkje høyra på meg, segjer Herren.»

22 So er då tungorne til eit teikn, ikkje for deim som trur, men for dei vantruande; men profettalen er ikkje for dei vantruande, men for deim som trur.

23 Um då heile kyrkjelyden kjem saman, og alle talar med tungor, men det kjem inn ukunnige eller vantruande, vil dei ikkje då segja at de er frå vitet?

24 Men um alle talar profetisk, og det kjem inn ein vantruande eller ukunnig, so vert han refst av alle, dømd av alle,

25 det løynde i hans hjarta vert openberra, og so vil han falla på sitt andlit og tilbeda Gud og vitna at Gud er sanneleg millom dykk.

26 Korleis er det då, brør? Når de kjem saman, hev kvar av dykk ein salme, ein lærdom, ei openberring, ei tunga, ei tyding; lat alt vera til uppbyggjing!

27 Talar nokon med tunga, so lat det vera tvo eller i det høgste tri kvar gong, og ein i senn, og ein må tyda det!

28 Men er det ingen som kann tyda, so tegje han i kyrkjelyden, men for seg sjølv og for Gud tale han!

29 Men av profetar tale tvo eller tri; men dei andre må døma um det!

30 Men um ein annan fær ei openberring medan han sit der, so skal den fyrste tegja.

31 For de kann alle tala profetisk, ein i senn, so alle kann få lærdom, alle få påminning.

32 Og profetånder er profetar lyduge.

33 For Gud er ikkje ustyrs Gud, men freds Gud.

34 Liksom i alle kyrkjelydarne hjå dei heilage, so skal kvinnorne dykkar tegja i kyrkjesamlingarne; for dei hev ikkje lov til å tala, men må vera undergjevne, so som og lovi segjer.

35 Men vil dei læra noko, so lyt dei spyrja sine eigne menner heime; for det er usømelegt for ei kvinna å tala i kyrkjesamling.

36 Eller er Guds ord utgjenge frå dykk? Eller er det kome berre til dykk?

37 Trur nokon at han er profet eller åndeleg, so må han skyna at det eg skriv til dykk, er Herrens bod.

38 Men um nokon ikkje skynar det, so fær han lata det uskyna.

39 Difor, brør, stræva etter å kunna tala profetisk, og hindra ingen i å tala i tungor!

40 Men lat alt ganga sømeleg og skipeleg til!

15. kapitlet

1 Eg kunngjer dykk, brør, det evangelium som eg forkynte dykk, som de og tok imot, som de og stend faste i,

2 som de og vert frelste ved, dersom de held fast ved det ordet som eg forkynte dykk det med, so framt de ikkje til unyttes hev teke ved trui.

3 For eg yvergav dykk millom dei fyrste ting det som eg sjølv tok imot, at Kristus døydde for synderne våre etter skrifterne,

4 og at han vart gravlagd, og at han stod upp att tridje dagen etter skrifterne,

5 og at han vart sedd av Kefas, og so av dei tolv;

6 so vart han sedd av meir enn fem hundrad brør på ein gong - av deim er dei fleste endå i live, men nokre er avsovna.

7 So vart han sedd av Jakob, so av alle apostlarne.

8 Men aller sist vart han og sedd av meg som av det ufullbore foster.

9 For eg er den ringaste av apostlarne, og er ikkje verdig til å heita apostel, av di eg forfylgde Guds kyrkja.

10 Men av Guds nåde er eg det som eg er, og hans nåde mot meg hev ikkje vore til fåfengs; men meir enn dei alle hev eg verka, då ikkje eg, men Guds nåde som er med meg.

11 Anten det då er eg eller dei andre, soleis forkynner me, og soleis kom de til trui.

12 Men når det er forkynt um Kristus at han er uppstaden frå dei daude, kor kann då sume millom dykk segja at det er ingi uppstoda av daude?

13 Men er det ingi uppstode av daude, so er ikkje Kristus heller uppstaden.

14 Men er ikkje Kristus uppstaden, so er vår forkynning fåfengd, so er og dykkar tru fåfengd.

15 Me vert då og funne som falske vitne um Gud, då me hev vitna imot Gud, at han hev vekt upp Kristus, som han då ikkje hev vekt upp, det vil segja, so framt dei daude ikkje stend upp.

16 For stend ikkje dei daude upp, so er ikkje Kristus heller uppstaden.

17 Men er ikkje Kristus uppstaden, so er trui dykkar gagnlaus; so er de endå i synderne dykkar;

18 so er og dei fortapte som er avsovna i Kristus.

19 Hev me berre i dette liv sett von til Kristus, so er me ynkelegare enn alle menneskje.

20 Men no er Kristus uppstaden frå dei daude og hev vorte fyrstegrøda av deim som er avsovna.

21 For av di dauden kom ved eit menneskje, so er og uppstoda av daude komi ved eit menneskje.

22 For liksom alle døyr i Adam, so skal og alle verta livandegjorde i Kristus.

23 Men kvar i sin stad: Kristus er fyrstegrøda, so skal dei som høyrer Kristus til, verta livandegjorde i hans koma.

24 So kjem enden, når han gjev riket til Gud og Faderen, når han fær gjort magt og all yverråd og alt velde til inkjes.

25 For han skal vera konge, til dess han fær lagt alle sine fiendar under sine føter.

26 Den siste fienden som vert tynt, er dauden;

27 for han hev lagt alle ting under hans føter. Men når han segjer at alt er honom underlagt, so er det klårt at han som hev lagt alt under honom, er undanteken.

28 Men når alt er honom underlagt, so skal og Sonen sjølv gjeva seg under honom som hev lagt alt under honom, so Gud skal vera alt i alle.

29 Kva gjer då dei som let seg døypa for dei daude? Dersom dei daude i det heile ikkje stend upp, kvi let dei seg då døypa for deim?

30 Kvi set og me oss i fåre kvar time?

31 Eg døyr kvar dag, so visst som eg kann rosa meg av dykk, brør, i Kristus Jesus, vår Herre.

32 Var det på menneskjeleg vis eg stridde med villdyr i Efesus, kva gagna det meg då? Dersom dei daude ikkje stend upp, «so lat oss eta og drikka, for i morgon døyr me!»

33 Far ikkje vilt! Låkt samlag spiller gode seder.

34 Vakna retteleg upp og synda ikkje! for sume hev ikkje kunnskap um Gud; til dykkar skam segjer eg det.

35 Men ein kunde segja: «Korleis stend dei daude upp? og kva slag likam kjem dei fram med?»

36 Du uvituge! det som du sår, vert ikkje livandegjort, utan det døyr.

37 Og når du sår, sår du ikkje den likamen som skal koma, men eit nake korn, anten det er av kveite eller av anna såkorn.

38 Men Gud gjev det ein likam so som han hev vilja, og kvart slag sæde sin eigen likam.

39 Ikkje alt kjøt er det same kjøt; men eitt er kjøt i menneskje, eit anna kjøt i fe, eit anna i fugl, eit anna i fisk.

40 Og det finst himmelske likamar og jordiske likamar; men ein herlegdom hev dei himmelske, ein annan dei jordiske.

41 Ein glans hev soli, og ein annan månen, og ein annan stjernorne; for den eine stjerna skil seg frå den andre i glans.

42 Soleis er det og med uppstoda av dei daude. Det vert sått i forgjengelegdom, det stend upp i uforgjengelegdom.

43 Det vert sått i vanæra, det stend upp i herlegdom; det vert sått i vanmagt, det stend upp i kraft.

44 Det vert sått ein naturleg likam, det stend upp ein åndeleg likam. So visst som det finst ein naturleg likam, so finst det og ein åndeleg likam.

45 Soleis stend det og skrive: «Det fyrste menneskje Adam vart til ei livande sjæl;» den siste Adam hev vorte til ei livgjevande Ande.

46 Men det åndelege er ikkje det fyrste, men det naturlege, so det åndelege.

47 Det fyrste menneskje var frå jordi, jordisk; det andre menneskje er frå himmelen.

48 Slik som den jordiske var, so er og dei jordiske, og slik som den himmelske er, so skal og dei himmelske vera.

49 Og liksom me hev bore bilætet av den jordiske, so skal me og bera bilætet av den himmelske.

50 Men det segjer eg, brør, at kjøt og blod kann ikkje erva Guds rike, ikkje heller erver forgjengelegdom uforgjengelegdom.

51 Sjå, eg segjer dykk ein løyndom: Me skal ikkje alle sovna av, men me skal alle verta umskapa,

52 i hast, i ein augneblink, ved den siste luren; for luren skal ljoda, og dei daude skal standa upp uforgjengelege, og me skal verta umskapa.

53 For dette forgjengelege må verta iklædt uforgjengelegdom, og dette døyelege iklædt udøyelegdom.

54 Men når dette forgjengelege er iklædt uforgjengelegdom, og dette døyelege er iklædt udøyelegdom, då vert det ordet uppfyllt som stend skrive: «Dauden er gløypt til siger.»

55 «Daude, kvar er din brodd? Daude, kvar er din siger?»

56 Men brodden i dauden er syndi; men krafti i syndi er lovi.

57 Men Gud vere takk, som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus!

58 Difor, mine kjære brør, ver faste og uruggelege, alltid rike i Herrens gjerning, då de veit at dykkar arbeid er ikkje fåfengt i Herren!

16. kapitlet

1 Men med samanskotet til dei heilage, so gjer de og soleis som eg hev skipa det for kyrkjelydarne i Galatia!

2 På den fyrste dagen i vika leggje kvar av dykk til sida hjå seg sjølv det han måtte få lukka til, so samanskotet ikkje skal verta gjort fyrst då når eg kjem.

3 Men når eg kjem, skal eg senda deim som de vil velja til det, med brev til å føra kjærleiksgåva dykkar til Jerusalem.

4 Men er det verdt at eg og reiser, so kann dei reisa saman med meg.

5 Eg kjem til dykk når eg hev fare gjenom Makedonia; for eg gjeng igjenom Makedonia.

6 Men hjå dykk kann henda eg drygjer ei tid eller endå vert vinteren yver, so de kann fylgja meg dit som eg sidan reiser.

7 For eg vil ikkje få sjå dykk no på vegen, for eg hev ei von um å få drygja ei tid hjå dykk um Herren gjev lov til det.

8 Men eg drygjer i Efesus til kvitsunnhelgi.

9 For ei stor og verksam dør er upplati for meg, og der er mange motstandarar.

10 Når Timoteus kjem, so sjå til at han kann vera hjå dykk utan otte! for han gjer Herrens gjerning liksom eg.

11 Difor må ingen vanvyrda honom. Og fylg honom på vegen i fred, at han kann koma til meg; for eg ventar honom med brørne.

12 Vedkomande broren Apollos, so bad eg honom mykje at han måtte fara til dykk med brørne; han var slett ikkje viljug til å koma no, men han vil koma når han fær tid.

13 Vak, statt faste i trui, ver mannelege, ver sterke!

14 Lat alt hjå dykk ganga fyre seg i kjærleik!

15 Eg legg dykk på hjarta, brør: de kjenner huset til Stefanas, at dei er fyrstegrøda av Akaia, og at dei hev rådt seg til å tena dei heilage -

16 so vis de og vyrdnad mot deim, og like eins mot kvar den som hjelper til og gjer seg umak!

17 Eg gled meg yver at Stefanas, Fortunatus og Akaikus er her; for saknaden av dykk hev dei avhjelpt.

18 For dei hev kveikt upp mi og dykkar ånd. Skyna difor på slike!

19 Kyrkjelydarne i Asia helsar dykk. Akvilas og Priska helsar dykk mykje i Herren saman med kyrkjelyden i deira hus.

20 Alle brørne helsar dykk. Helsa kvarandre med ein heilag kyss!

21 Helsing med mi, Paulus’, hand:

22 Um nokon ikkje elskar Herren, han vere bannstøytt! Maran ata.

23 Herren Jesu nåde vere med dykk!

24 Min kjærleik er med dykk alle i Kristus Jesus.

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2024